Nøgd med konseptet

 

Fredrik Kristoffersen i Markhus Bygg er nøgd med resultatet av bustadprosjektet i Hordasmibakken.

- Prosjektet har ikkje bydd på nokon spesielle utfordringar og det var nøgde bebuare som fekk overrekt nøklar rett før jul, seier prosjektleiaren.

Anbodskonkurranse
Han har vore med i prosjektet sidan Hordasmibakken blei etablert som eit bustadkonsept av Alver Tomteselskap og Lindås kommune.  Markhus Bygg fekk jobben som entreprenør etter ein anbodskonkurranse i regi av tomteselskapet.

Fantastisk samarbeid
- Skal eg fremheve noko ved dette prosjektet, må det vere det fantastiske samarbeidet vi har hatt med Alver Tomteselskap og Lindås kommune . Har det oppstått utfordringar undervegs, har dette løyst seg på beste måte, seier han. Bustadene stod ferdige nokon dager før jul, og det var aldri eit tema at det skulle oppstå forsenkingar.
- Hadde egentlig ein plan om å levere litt raskare, men vi heldt tidsplanen.

Prisverdig
Kristoffersen tykkjer det er prisverdig at tomteselskapet saman med kommunen trår til med bustadkonsept for fyrstegongskjøparar.
Sjølv om bustadane blei selde relativt rimeleg, inneber ikkje  det at entreprenøren valde rimelege løysingar i bustadene .

Parkett og flis
- Vi har brukt høg kvalitet på materialane på interiøret, med parkett på golva og flis på baderom. Dette er lyse, trivelege og moderne bustader, seier Kristoffersen.

Forrige
Forrige

Vil delta i fleire prosjekt i Lindås

Neste
Neste

Drøymde om eigen bustad i åtte år