Drøymde om eigen bustad i åtte år

 

Sambuarparet blei til slutt bønnhøyrt - men av Lindås kommune. No har familien, som snart tel seks personar - fått si eiga bustad.

- Dette bustadkonseptet har svara til alle forventningane våre, seiar Thomas Bjørge (28). I åtte år har han og sambuaren Christine Marie (27) drøymd om si eiga bustad. Det har ikkje vore enkelt. Sambuarparet har tre born, to jenter og ein gut - og dei er dagsventande med ei lita prinsesse.

Tvungen til å leige
Bankane har ikkje vore enkle å handskas med. Bankar har svara nei. Husbanken var heller ikkje enkel å overtyde då dei var på bustadjakt. Difor blei familien tvungen til å leige bustad. Rekkjehuset kosta dei omlag 13 000 kronar i månaden. Pengane gjekk direkte til huseigaren. 

Høge bukostnader 
- Vi har jo dokumentert for bankane at vi er i stand til å betale så høge bukostnadar i månaden, men det heldt likevel ikkje. Bankar taler om eigenkapital og fem gongar årsinntekta, og då falt me utanfor bustadmarknaden, seier Thomas, og legg til: 
- Jo fleire born vi fekk, jo mindre kunne vi spare. Og hadde dei ikkje pengesterke foreldre i bakhand, var det ingen veg til eiga bustad.  

Fortener ros 
Sambuarparet meiner Lindås kommune fortener mykje ros for å ha prosjektert bustader til innbyggjarar som ikkje har mogelegheit til å kjøpe si eiga bustad. I dette prosjektet er alle viktige partar som bankar, Husbanken, Lindås kommune og Lindås Tomteselskap involvert. 

Startlån
Kommunen gjev startlån til bustadeigarane. Prosjektet starta ved at tomteselskapet selde Hordasmibakken rimeleg til utbyggjaren Markhus Bygg. Ingen av bustadeigarane kan selje bustaden før etter tre år.   

Kjekke naboar 
Bustaden til familien Bjørge er på omlag 90 kvadratmeter og ungane kan springe rett ut på leikeplassen.  
- Vi trivst veldig godt her, og der er kjekke naboar, fortel Bjørge. 

Forrige
Forrige

Nøgd med konseptet

Neste
Neste

Spørreundersøkelse