Kløve
Kløve
Kløve bustadfelt er eit etablert bustadfelt med gangavstand til alle tilbod i bygda som skule, barnehage, butikk, forsamlingshus m.v. Lett tilgjengeleg naturområde på land og sjø.
Alver Tomteselskap arbeider med å oppdatere reguleringsføresegnene.
Tomt nr. | Gnr/Bnr | Areal | Prisantydning |
6 | 24/99 | 1170 m2 | Ikkje for sal |
16 | 24/106 | 1039 m2 | SELD |
17 | 24/107 | 1021 m2 | SELD |
19 | 24/108 | 936 m2 | Ikkje for sal |
22 | 24/111 | 948 m2 | 150 000 |
24 | 24/112 | 851 m2 | 150 000 |
26 | 24/113 | 828 m2 | 150 000 |
27 | 24/114 | 1075 m2 | 150 000 |
38 | 24/120 | 702 m2 | 200 000 |
For meir informasjon kontakt tomteselskapet.
REGULERINGSPLAN FOR SVEENE:
Kommunestyret har vedteke reguleringsplan for Sveene. Føremålet med reguleringsplanen er utviding av eksisterande Kløve bustadfelt. Planområdet er på om lag 72 daa, og omfatter eksisterande busetnad mellom Svindalsvegen og fylkesveg 397, i tillegg til eit nytt areal sørvest for dette område.
For nærare informasjon vert det vist til braPLAN – Velg Lindås kommune og planID: 1263-200801.
Den nye reguleringsplanen opnar for trinnvis utbygging.
Alver Tomteselskap samarbeider med bygdelaget om utbygging av byggetrinn to i Sveene. Målet er ei utbygging i regi av ein privat utbyggar.